Valhest

Tysvær kommune

Navn: Valhest, Tysvær kommune (idBN00009016)
Verdi: Svært viktig
Areal: 20822 dekar

Det undersøkte området utgjer om lag 15 km2, med fjellet Valhest (313 m o.h.) som eit sentralt landemerke. Det strekkjer seg frå Liland i nord, via Sunnfjord og Våg, til Grinde og Aksdal i sør. I vest ligg garden Stakkestad og Stakkestadvatnet. Heile dette området utgjer utmarkene til gardane omkring.Naturtyper, utforminger og vegetasjonstyper:Vegetasjonen er ein mosaikk av lynghei (røsslyng med fleire), grashei (blåtopp) og myr (kystmyr). Det er litt brakje, men ikkje påfallande mykje og elles ingen teikn til gjengroing. Artsmangfold:Planteartane er typiske for kystlynghei. Førekomsten av strid kråkefot og mjuk kråkefot, som begge er beitesvake, indikerer lågt beitetrykk.

Miljødirektoratet: Valhest
Tysvær kommune: Friområde