Lokaliteten er eit stort heiområde nord og sør for Vestlandske hovudveg mellom Eigersund og Ogna, frå den skogkledde Ognadalen i nord og sørover til steinbrotet ved Hellvik. Heile dette store området er dominert av fukthei (H3) med m.a. blåtopp.Området har truleg i lang tid vore påverka av beiting. Det er jamt over eit middels til dårleg beitetrykk av sau og somme stader storfe. Einskilde sitkagranplantingar og vegar. Vestlandske hovudveg går gjennom lokaliteten.